Tekst & melodi: Hildbjørg Mannes
© Regnbuelandet
Petra:
Eg har kjempevondt og er så leie meg.
Eg vil ikkje og klare aldri tilgi deg.
Min beste bestevenn
var dum og kjempeslem!
Men eg har ein plan: Eg skal nok ta igjen!
Mamma:
Kjære venn, kom sett deg litt og høyr på meg:
Eg veit at bestevennen din har såra deg.
Men når du vil gjera vondt,
då blir allting berre dumt,
og hjerta ditt går meir og meir i sundt.
Refreng:
Ein bestevenn er alltid bra å ha.
Tilgivelse kan gjera allting bra.
Tilgivelse kan setta hjerter fri,
og då kan du igjen bli glad og blid.
Petra:
Kanskje, muligens, så kan eg tilgi litt.
Og kanskje blir eg glad igjen i hjerta mitt.
Då blir nok allting bra, og eg blir kjempeglad,
for ein bestevenn er kjempebra å ha!
Refreng:
Ein bestevenn er alltid bra å ha …