FORVANDLINGSSANGEN:

LINKER

Meta

Snart skal me på tur til Grinde!

Stemnestaden 2008

Nå er det ikkje så lenge til 45 timar med Regnbuelandet på Grinde. Det blir kjekt! Det er framleis ledige plassar, så berre ta kontakt for påmelding.

Me har vore ekstra, ekstra heldige og fått med oss Sven Bjarne Aase på weekend. Han bur på Stord og er forkynnar, bussjåfør, litt tullete (!?) og har vore med på mange, mange leirar. Han skal ha nokre av samlingane.

I tillegg har me fått med oss eit team frå Acta i Stavanger som skal vere spesielt med dei eldste ungane og ungdommane. Det blir nok god gang og mykje kjekt.

Nå i helga, 28.-30 nov, er det GOSPELFESTIVAL for ungdom og vaksne i kyrkja. Gospelfestival har 20 års jubileum dette året.  Det er fleire bra konsertar som kan vere kjekke å få med seg. På sundag er det gospelGudsteneste kl 11. Heile familien er velkommen!